Aktuelt frå kommunen

Kunngjering av vedtak i to namnesaker

Namneskilt for Fusavegen - Klikk for stort bilete

Statens kartverk har gjort vedtak i sak om skrivemåte for gardsnamna Abotnes (gnr 125) og Tjørn (gnr 51) i Fusa kommune.  Etter Lov om stadnamn  § 10 har eigarane av gardsbruk og eigedom på Abotnes og Tjørn rett til å klaga på vedtaket og eventuelt be om ny vurdering. Klagefristen er 3 veker frå kunngjering.

Bakgrunnen for at desse namnesakene er tekne opp, er arbeidet med å gje namn til lokale vegar og innføringa av eit nytt adressesystem i Fusa. Fusa kommune starta opp ei namnesak for å få fastsett skrivemåten for gnr 51 og gnr 125 alt våren 2016. Etter ei lokal høyring handsama kommunestyret saka i oktober 2016 og kom med sine framlegg til namneformer. Forslaga vart sendt til Statens kartverk som gjer det endelege vedtaket. Etter 2 år er vedtaket fatta.

For gnr 125 i Lygrepollen følgde kartverket innstillinga frå kommunestyret og gjekk for namneforma Abotnes. I saka som gjeld gnr 51 i Holdhus-grenda var framlegget frå Fusa kommune Tjønn, som er ei dialektnær form. Når Kartverket gjorde sitt vedtak gjekk dei for namneforma Tjørn, som er normert rettskriving. Vert desse namneformene ståande, vert dette i framtida namna både på dei to gardane og adressenamnet i området; Tjørn 25 eller Abotnes 240. 

Etter Lov om stadnamn  § 10 har eigarane av gardsbruk og eigedom på gnr 51 og gnr 125 rett til å klaga på vedtaket og eventuelt be om ny vurdering. Klagefristen er 3 veker frå kunngjering. Fusa kommune kan også på sjølvstendig grunnlag klaga på vedtaket.

Ein eventuell klage skal stilast til Klagenemnda for stadnamnssaker og sendast til Statens kartverk med kopi til kommunen. Klaga skal vera grunngjeven.

Fusa kommune kan gje rettleiing ved ein mogleg klage, ta då kontakt med vår sakshandsamar i stadnamnssaker kulturleiar Erik Vangsnes, e-post erik.vangsnes@fusa.kommune.no, telefon 47277146.

Vedtaksbrev frå Statens kartverk i namnesaker for gnr 51 og gnr 125. (PDF, 469 kB)
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 05.02.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30