Aktuelt frå kommunen

Heider til Gunn Marit Baldersheim

F.v. Inspektør på Vaksenopplæringa Julia Tveit, ordførar Atle Kvåle og Gunn Marit Baldersheim med medalje og diplom frå Norges Vel. - Klikk for stort bileteF.v. Inspektør på Vaksenopplæringa Julia Tveit, ordførar Atle Kvåle og Gunn Marit Baldersheim med medalje og diplom frå Norges Vel. Privat Lærar på Vaksenopplæringa i Fusa Gunn Marit Baldersheim vart 7. desember tildelt Norges Vel si medalje for lang og tru teneste etter 42 år som tilsett i kommunen. Fusa kommune gratulerer!

Ordførar Atle Kvåle og inspektør på Vaksenopplæringa Julia Tveit sa i samband med overrekkinga av medaljen, at Gunn Marit Baldersheim har vore ein god kollega og dedikert lærar, som alle har sett stor pris på. 

Ho har arbeidd 42 år i skulane i Fusa kommune og vore ein positiv bidragsytar for kollegaer og elevar. Fusa kommune takkar for lang og tru teneste og ønskjer henne alt godt vidare i ein ny kvardag som pensjonist.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 12.12.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30