Aktuelt frå kommunen

Arabisk kulturkveld på Helland

Sahara og Guro - Klikk for stort bilete

Torsdag 12. oktober kl 18.00 vert det invitert til arabisk kulturkveld i Kulturløo på Helland. Programmet vert ei feiring av den folkekjære libanesiske kvinnelige artisten Fairuz. Palestinske Sahar Muhaisen og Fusa-jenta Guro Gjuvsland vil tolka Fairuz i ord og tonar. I tillegg blir det søte smakebitar frå det orientalske kjøkken.

Arabisk diva

Nouhad Wadie' Haddad med artistnamnet Fairuz (82), er ein av dei største artistane og mest populære songarane i den arabiske verda. I arabiske land vert musikken hennar ofte spelt på radio i morgontimane og det er ei stemme folk er van med å vakna til og starta dagen med. Songane hennar handlar for det meste om kvardagslege hendingar på landsbygda, om den enkle kjærleiken, kjærleiken til heimland, mor og dotter. Det som gjer Fairuz stil spesiell og eksotisk, er at ho brukar naturen i alle songane sine. Ho ser naturen i alt ho syng for og om. 

Fairuz.er eit begrep i den arabiske verda. - Klikk for stort bilete

For nye og gamle vener

Sahar Muhaisen og Guro Gjuvsland vil laga ein kveld for alle; både for dei som er vokst opp med ein kultur der Fairuz er viktig, og dei som høyrer om Fairuz for første gong. Dei vil introdusera nokre av songane hennar, fortelja historiane bak songane og tillegg lesa opp nokre av dei viktigaste dikta hun har sunge. 

Open post

På slutten av kvelden vil det bli høve for andre som har lyst til å synga noko, framføra noko, lesa opp dikt, osv.  Hovudspråka er norsk og arabisk, men det er sjølvsagt ope for å framføra songar eller dikt på andre språk.
 
Inngang kr 100,-. Born gratis. Med i inngangbilletten får du også ein smakebit frå det orientalske kjøkken med servering av kaker og kaffi.

Inntekta frå arrangementet går til eit prosjekt for å fremja helse og skulegang blant syriske flyktningebarn i Libanon. Du kan lesa meir om prosjektet her: http://solfridraknes.no/syriske-barn/.
 
Arrangør er Fusa kommune ved gruppa «Kultur for integrering», i samarbeid med Kvinnenettverkgruppa på Fusahalvøya
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 11.10.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30