Aktuelt frå kommunen

Detaljregulering for Lambanesheiane bustadområde - aust

Plankart - detaljregulering for Lambanesheiane.jpg - Klikk for stort bilete

Utval for plan og miljø (UPM) har i møte 28. september, vedteke å leggja detaljregulering for Lambanesheiane bustadområde aust, ut på høyring og offentleg ettersyn. Vedtaket er heimla i PBL §§12-10,11 og 12. Bruk digitalt skjema for høyringsuttale her og merk med saksnr (17/526). Høyringsfrist 20.11.2017.

Føremålet med reguleringa er å leggja til rette for seks einebustadar med tilhøyrande infrastruktur og felles område for renovasjon, gjesteparkering, grøntområde og leikeplass. Planen grensar til eksisterande bustadområde og nyttar eksisterande avkøyring til fylkesveg. Det føreligg skredrapport utarbeidd av Geoplan etter rapportmal frå NVE som konkluderer med at området er trygt. Denne er i tråd med konsekvensutgreiing for området som vart gjennomfrøt i samband med utarbeiding av arealdelen til kommuneplanen i 2015.

Nedanfor finn du dokumenta som er til høyring saman med andre vedleggsdokument. Dette er òg tilgjengeleg i ekspedisjonen i Kommunetunet i Eikelandsosen. 

Høyringsdokument:

Lambanesheiane bustadområde, aust: Planomtale og ROS-analyse (PDF, 5 MB)

Lambanesheiane bustadområde, aust: Plankart (PDF, 354 kB)

Lambanesheiane bustadområde, aust: Føresegner og retningslinjer (PDF, 373 kB)

 

Vedlegg:

Lambanesheiane bustadområde, aust: UPM-sak 073/2017 (PDF, 98 kB)

Lambanesheiane bustadområde, aust: Referat frå oppstartsmøte (PDF, 196 kB)

Lambanesheiane bustadområde, aust: Uttalar til oppstart (PDF, 2 MB)

Lambanesheiane bustadområde, aust: Rapport  - skredfarevurdering (PDF, 334 kB)

Lambanesheiane bustadområde, aust: Konsekvensutgreiing frå KPA 2015 (PDF, 856 kB)

Publisert av Heidi Chatrine Bergesen. Sist endra 06.10.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30