Aktuelt frå kommunen

På sporet etter Spele-Hans'n

Søndag 13. august vert det konsert med musikk av Spele-Hans'n - Klikk for stort bilete

Søndag 13. august kan du bli betre kjend med Hans Bjørndal (1826-1910), også kjend som "Spele-Hans'n". Han var ein vidgjeten folkemusikar og spelemann. Søndag kveld vert det først ei utflukt til tuftene etter stova hans på Bjørndal og seinare konsert i Holdhus kyrkje, der m.a. Knut Hamre medverkar. Sjå plakat (PDF, 3 MB).

Det er lenge sidan tonane til Spele-Hans’n – Hans Bjørndal (1826-1910), høyrdest  ut over Skogseidvatnet. Hans var ein viktig formidlar av folkemusikktradisjonen i Fusa. Det seiest at han sjølv laga slåttar og han lærte av eldre spelemenn. Han i sin tur lærte vidare ein del av slåttane sine til yngre spelemenn.

Hamre, Morken og Buer
Difor har me i dag notar og opptak av ein del av slåttane han spela. Knut Hamre har tatt for seg noko av denne tradisjonsarven og vil presentera dette på konserten i Holdhus kyrkje den 13. august kl 19.00. Med seg har han John Ole Morken og Lajla Renate Buer Storli, også desse framragande folkemusikkarar. I tillegg til lokalt folkemusikkmateriale vert det også anna tradisjonell folkemusikk med feler, gitar og kveding.

Utflukt til Bjørndal
Hans Bjørndal budde i dårlege hus ved Skogseidvatnet i Bjørndal. Det er ikkje mykje att av tuftene hans, men i samband med konserten vert det mogeleg å sjå staden han budde. Nokre unge hardingfelejenter frå Fusa har lært seg nokre av slåttane til Spele-Hans`n og dersom veret tillet det vil dei halda ein liten konsert.
Dette er eit eineståande høve til å høyra lokal folkemusikktradisjon framført av nokre av dei beste folkemusikkutøvarane me har i landet. Det er oppmøte for utflukta ved Hålandsdalen Montessoriskule kl 18.00.

Inngang på konserten er kr 200,-. Konserten er eit samarbeid mellom Fortidsminneforeningen - Fusa lokallag og Fusa kommune.
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 09.08.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30