artikkelsymbol

Kulturprisen gjekk til Ella Marie B. Vangsnes

 (11.01.2010)

Ella Marie Brekke Vangsnes vart i kommunestyret 16. desember  tildelt kulturprisen 2009  frå Fusa kommune. Det var ordførar Hans S. Vindenes som overrekte prisen.

På vegne av driftsutvalet ga først leiar Øyvind Nordbø ei grunngjeving for tildelinga med m.a. følgjande hovudpunkt:

Ella Marie Brekke Vangsnes får prisen for sin mangfoldige innsats innan kulturlivet i Fusa. Ho har gjort og gjer ein stor innsats på mange felt!

Ho har hatt ein nyskapande måte å skriva bygdebøkene på!  Arbeidet med eit digitalt foto-arkiv og Fusa-nisto/kulturnisto må nemnast som viktige deler og produkt av  bygda-bok prosjektet.

Ella Marie er ein aktiv støttespelar for kulturlivet i Fusa kommune. 
Ho har, saman med ektefellen Erik Vangsnes, lagt eit stort arbeid ned i administreringa av Vinnes-holmen. I Kvinne-nettverket og Amnesty  er ho også engasjert.

Ella Marie var primus motor i Fusa- Biathlon klubb.

Nemnast må også medlemskapet i Fusa kommune sitt nye forum for profesjonelle kunstnarar og kulturutøvarar.

 

 
 

Utskriftsvennleg versjon: Utskriftsvennleg versjon