Kontoradresse: Kommunetunet, Eikelandsosen Postadresse: Postboks 24, 5649 Eikelandsosen
Plan- og bygningssjef: Per Gunnar Haavik Telefon: 56 58 01 48, Mobiltelefon: 488 93 661 E-post: per.gunnar.haavik@fusa.kommune.no
Lovforvaltning innan brann, byggesak, oppmåling og plan er lagt til staben, og vert leia av plan- og bygningssjefen.

Ny byggesaksdel
Frå 1.juli 2010 skal byggesaksdelen til ny Plan- og bygningslov (Pbl) iverksetjast. Plandelen til Pbl vart iverksett frå 1.juli 2009. Dei største endringane i lova finn vi på områder som, endra reglar for kontroll, større fokus og skjerpa krav på tilgjenge for alle (universell utforming) og oppfølging av ulovleg bygging med tilhøyrande pålegg og sanksjonar.
På vårparten vart nye forskrifter til lova vedtekne. Desse tar også til å gjelde frå 01.07. med nokre unnatak. Dagens 3 forskrifter ( TEK, SAK og GOF) blir erstatta med 2 nye, Byggteknisk forskrift(TEK10) og Saksbehandlingsforskrift (SAK10).
Rettleiarar til forskriftene er ikkje vedtekne enno, men er lova klar til 1. juli.
Endringane i Pbl. fører også til at dei ulike skjema knytt til byggesak vert endra. Desse har vært ute på høyring og er venta klare og tilgjenge til bruk innan 1. juli.
Ny lov med forskrifter finn du på lenkjene nedanfor
Plan og Bygningslov
Byggesaksforskrift Byggteknisk forskrift
Nye byggesaksblankettar
Ny Plan- og bygningslov – ByggesaksdelSom følgje av at byggesaksdelen til ny Plan- og bygningslov er tredd i kraft 1. juli 2010, er blankettar som skal fyllast ut i samband med søknad om løyve til dei ulike tiltak også endra. Nye blankettar som skal brukast kan fyllast ut elektronisk på internett, eller de kan henvenda dykk til Fusa kommune for å få desse i papirformat.
Fusa kommune har inngått avtale med Sem & Stenersen Prokom AS om bruk av skjemaportal slik at de som privatperson og som skal søkja om løyve kan få tilgang til å fylla ut nødvendige skjema elektronisk.
Ved å gå inn på http://byggblanketter.prokom.no kan de registrera dykk for å få tilgang til å fylla ut dei nødvendige skjema som de treng for å kunna levera inn ein komplett søknad.
Som "byggherre" i Fusa kommune kan de logge dykk inn på følgjande måte:
-
Finn Fusa kommune (frå nedtrekkliste)
-
Skriv inn Dykkar e-post adresse
-
Skriv inn eige valt passord
De vil etter dette få tilgang til å fylla ut dei skjema de treng.
Etter å ha teke i bruk ein blankett, kan de gjera endringar i 3 månader. Etter 3 månader blir blanketten sletta frå arkivet.
For å kunna nytta deg av denne løysinga må du ha installert Adobe Reader 9,0 eller høgare. Gratisversjon finn du her.
|