Fusa og Hålandsdalen er verdskjent for sine skiskyttarar. Skiskyttarhistoria i Fusa går attende til 1960-talet og har særleg Hålandsdalen har vore eit kjerneområde for denne idretten i Hordaland. Opp gjennom åra har Hålandsdal skyttarlag og seinare Hålandsdal idrettslag hatt mange løparar som har hevda seg godt både regionalt og nasjonalt. Det tok skikkeleg av internasjonalt med søstrene Ann-Elen (f. 1971) og Liv Grete Skjelbreid (f 1974). Ann-Elen tok VM-gull som junior i 1991. Ho var med i OL på heimebane i 1994 og tok sølv i VM i 1996. Saman med Liv Grete gjekk ho på det norske stafettlaget som tok bronse på stafetten i Nagano 1998. Då vart det folkefest på Fjordn senter etter heimkomsten. Det tok heilt av med Liv Grete sine to VM-gull i Holmenkollen i 2000. Under VM-festen kom kunngjeringa om etableringa av Fusalaget, eit eige sponsorlaug for å støtta opp om dei lokale heltane. Seinare vart også Fusa biathlon fanclub skipa for dei mange som ville vera med å heia dei fram. I 2002 vart det stafett-sølv OL i Salt Lake City til systrene og individuelt sølv på Liv Grete. VM i Oberhof i 2004 vart det store høgdepunktet i karriera til Liv Grete med 3 individuelle gull og stafett-gull. Etter denne jubelsesongen der også vann verdscupen samanlagt fekk Liv Grete tildelt Fusa kommune sin kulturpris. Etter OL i Torino i 2006 sa Liv Grete takk for seg som aktiv løpar.
Saman med ektefellene Raphael Poiree og Egil Gjelland har Liv Grete og Ann-Elen teke over 50 medaljar i VM og OL. Ein fantastisk medaljefangst og mange rike minne.
Når dei fire toppane har lagt opp ligg dei ikkje på latsida. Dei er er svært engasjerte i få fram nye talent og er med som trenarar på kretslaget for junior/senior Team Statkraft Hordaland og er pådrivarar i heimemiljøet. Dei er også involverte i bygging av nye anlegg. Sommaren 2008 opnar ny rulleskibane på Holdhus, den første i sitt slag i Hordaland. Det vert også bygd nytt stadion i fjellet for å få meir snøsikre løyper. Bygdastølen skianlegg vil stå klart til å arrangera konkurransar i langrenn og skiskyting vinteren 2008/2009.
Sondre Eide sitt sølv i junior-VM vinteren 2008 gav von om at nye talent er på veg og at skiskyttardalen har ei spennande framtid og ikkje berre ei minnerik fortid.