|
Kontoradresse: Kommunetunet, Eikelandsosen Postadresse: Postboks 24, 5649 Eikelandsosen
Sakshandsamar: kulturleiar Erik Vangsnes Telefon: 56 58 01 53, faks 56 58 01 02 Mobiltelefon: 41 45 18 11 E-post: erik.vangsnes@fusa.kommune.no
Kontortid: annakvar veke. Hausten 2008 partalsveker.
Oppgåver: Fusa har eit kulturkontor som steller med kultursakene. Kulturkontoret er ei avdeling i Oppvekst- og kulturetaten. Kulturkontoret administrerer drift av symjehall, folkebibliotek og fritidsarbeid for menneske med psykisk utviklingshemming (mpu).
Arrangør
Kulturkontoret står som arrangør for ulike typar arrangement; konsertar, turar, teaterframsyningar. Enten åleine eller i samarbeid med organisasjonar og institusjonar. Har ditt lag eller din skule eit ønske om å få vitjing av profesjonelle kulturkrefter, er det berre å ta kontakt. Kanskje kan ein få til eit samarbeidsarrangement eller du kan få nyttige tips til artistar og kulturinstitusjonar.
Framhjelp
Kulturkontoret gjev rettleiing og hjelp i ulike saker. Har du spørsmål som gjeld idrett, kulturvern, fritidstilbod, friluftsliv, song og musikk eller anna, er det berre å ta kontakt. Me gjev ei hjelpande hand både med søknadsskriving, planlegging og idéutvikling.
Idrett og friluftsliv
Idrettsanlegga i Fusa er drive av private med unntak av nærmiljøanlegg ved skulane og Fusa symjehall. Fusa kommune gjev i alt kr. 145.000,- i tilskot til drift av private idrettsanlegg. I tillegg vert det kvart år gjeve kr. 150.000,- i investeringstilskot til bygging av anlegg til idrett og friluftsliv. Kulturleiar møter fast i Fusa idrettsråd som er idrettslaga sitt kontaktorgan inn mot kommunen. Fusa har utarbeidd ein eigen Kommunedelplan for idrett og friluftslivsliv.
Du kan henta ned kommunedelplan her.
For friluftslivet er Bergen og omland friluftsråd den viktigaste samarbeidspartnaren. BOF har overteke ansvaret for det kommunale friluftsområdet Hagafjøra og arbeider med fleire nye tiltak i Fusa.
Kulturpris
Fusa kommune gjev omlag annakvart år ut ein kommunal kulturpris. Prisen kan gå til personar, institusjonar og organisasjonar som har gjort ein særleg fortenestefull innsats for kulturlivet i kommunen. Prisen vert delt ut av Oppvekst- og kulturutvalet. Dei tre siste prisvinnarane har vore; Oddrun og Knut Skjelbreid (1998), Else Bodil Gjøn (1999), Gudrun Bolstad (2001), Liv Grete Skjelbreid Poiree (2004) og Morten Holmefjord (2006). Prisen vert lyst ut offentleg slik at alle som vil kan koma med forslag til kandidatar.
Prosjekt
Det har vore ei rekkje prosjekt som har vore leia frå kulturkontoret dei siste åra; m.a. utgjeving av Fusa-CD, tusenårsfeiringa, Fusalauget og utvikling av uteområda ved skulane. Etablering av heimeside har også vore leia frå kulturkontoret.
[Les meir] |