Påskefrukost i Jettegryto (17.03.2008)
|
Påskefrukost i Jettegryto barnehage. Personalet i Jettegryto sender ein stor takk til barn foreldre og besteforeldre som gjorde påskefrukosten til ei fin stund.
[Les meir] |
| |
| |
(17.03.2008)
|

Påskefrukost i Jettegryto barnehage. Personalet i Jettegryto sender ein stor takk til barn foreldre og besteforeldre som gjorde påskefrukosten til ei fin stund. [Les meir] |
| |
| |
Julebord for små og store (18.12.2007)
|
Fredag 14. desember hadde Jettegryto barnehage julebord for barn og personale. Fint pynta, god mat , song av 5-årsklubben, juletregang og nisse ... Stor stemning og kjekt for alle ! [Les meir] |
| |
| |
Dokketeater i barnehagen (27.09.2007)
|
Dei to siste vekene har Mette Wernøe vore på turné med dokketeateret sitt i Fusa. Ho var i Jettegryto barnahage på måndag 24. september. |
| |
| |
Pastafest i barnehagen (02.06.2006)
|
|
Det var spanande å bruke pastamaskina og spagettien blei kjempelang. Dette var godt !
Kjellaug |
| |
| |
Barnehagedagen 2006 (23.03.2006)
|
Barnehagedagen 2006 vart markert i Jettegryto med foreldre-/ besteforeldrekaffi ute i vårsola tysdag 21. mars. Ungane selde boller, kaker og kaffi, og inntekta gjekk til SOS-barnebyer ,- til fadderbyen vår i Korea. Takk til alle som gjekk på kafé denne dagen. Vi fekk inn kr 1.535,50,- !
|
| |
| |
Snøglad dag på Holdhus (10.03.2006)
|
Torsdag 9. mars var 4- og 5-åringane i Jettegryto barnehage invitert til Holdhus barnehage på ski / ake dag. Utstyrt med ski, akebrett, solkrem, pølser og saft kom vi til Holdhus barnehage fulle av forventning.
Ungane på Holdhus sto klare og venta på oss då vi kom, og turen gjekk rett ut i løypa. Iveren var stor på både ski og akebrett. Jente: " Eg har trent masse, men ikkje på skyting alså!" Det var tydeleg at mange av ungane har fått trent seg på ski i vinter. Gut 4 år: " Oj, dei store aker og ! Hopp med knall og fall ,- " skyting" med ullballar på blink , klatring i tre og leik i skogen. Bål med pølser og varm saft og påskesol i lyngen, nokre kalde tær, men mest store smil både hos små og store!
[Les meir] |
| |
| |
Julebord i Jettegryto (22.12.2005)
|
Tysdag 20. desember var ein stor dag i Jettegryto barnehage. Barn, personale og innbodne gjester var inviterte til julebord i barnehagen. Alle møtte festpynta og forventningsfulle - 71 personar i talet.
[Les meir] |
| |
| |
Teatertur for 5-årsklubbane (22.12.2005)
|
Tirsdag 6. desember hadde 5-årsklubbane i Jettegryto og Holdhus barnehage sin årleg teatertur til Hordaland teater på Stend.
I buss drog vi forventningsfulle av stad. På vegen såg vi på hus, bilar og skilt, og vi køyrte gjennom "den store byen Os ", og vi såg både ender og svaner i Kalandsvatnet. Ingen blei bilsjuke , takka vera ein stødig sjåfør. Vel framme åt vi nista vår i trappa til teateret .
Jul i Mummidalen fenga både store og små frå Fusa. Vi såg både Mummitrollet, og Lille My. Snusmumrikken var der også. Fin musikk og julestemning fekk vi med oss medan Mummidalen venta på den "skumle" jula.
Fusa-ungane var eit positivt publikum som følgde godt med på det som skjedd på scena.
Takk for ein fin tur! Kjellaug.
|
| |
| |
Dugnad i Jettegryto 12. november (14.11.2005)
|
Laurdag 12. november inviterte FAU i Jettegryto barnehage til dugnad for foreldre og born. "Det finst ikkje dårleg ver - berre dårlege klær! " Dette levde vi opp til på dugnaden på laurdag. Veret var ingen hindring for 30 store og små som trossa vind og regn. I lavoen vår fekk vi ny grue og flotte benker å sitte på + masse ved til å fyra med ligg i skuret.
Vi raka og rydda og renska bekken og avlaup. Etterkvart fekk vi fyr i grua og det blei plass til alle på dei nye benkane. Kaker, boller, saft og kaffi gjekk ned på høgkant medan regnet tromma på teltduken.
Til slutt måtte alt utstyret spylast med brannslangen, og det blei gjort skikkeleg! Takk for alt godt arbeid og god stemning!
Helsing Kjellaug -styrar
 |
| |
| |
Foreldrekaffi 13. oktober (27.10.2005)
|
Torsdag 13. oktober - ein svært regnfull dag, inviterte vi foreldre, besteforeldre og syskjen til kafe i Jettegryto.
Boller, kaker og muffins, kaffi og saft sto på menyen. Born og personale hadde baka. 5-åringane selde maten,- og det var til tider lang kø framfor kiosken. Salet gjekk strykande og stemninga var god - det var mange som ikkje hadde middagslyst denne dagen !Killerokaklubben og 5-årsklubben underheldt med song og eventyr. Stor takk til alle som kom på kafeen vår. Vi fekk inn 1503,50 kr som går til SOS-barnebyer. Helsing Kjellaug Skage Raunsgard

|
| |
| |
Visekongen på offisielt besøk (11.05.2005)
|
I strålande sol tok små og store prinsar og prinsesser i Jettegryto barnehage i mot Visekongen i Fusa tirsdag 10. mai. Med raud løpar og blomar blei han ynskt velkomen av Katrine Eikeland og Arne Gjøen.
Vi sette stor pris på at Visekongen ville besøka oss i barnehagen. Dette viser at Visekongen har interesse for og omsorg for dei yngste i kongedømet Fusa. Ved å ta imot Visekongen i barnehagen ynskjer vi å formidla at det umogelege kan bli mogeleg , - dersom ein ynskjer det sterkt nok.
Vi treng ikkje forstå alt, - men vi kan få gode og spanande opplevingar ved å ha opne sansar, og ved å våge å utforska og ta imot nye impulsar. Festpynta barnehage, kongeleg mat, song og eventyret om " Den vesle guten som ville bli konge når han blir stor" gjorde denne dagen til ein spesiell dag for oss.
Stor takk til Visekongen ! Helsing Kjellaug Skage Raunsgard styrar
 |
| |
| |
Utskriftsvennleg versjon:  |