ENGEVIK GAARD, ENGJAVIK
I 1723 kjøpte major Christian Wilhelm Segelcke eigedomen Engevik av Kong Fredrik 4. Segelcke avanserte til regimentsjef og vart utnemnd til generalmajor i 1754. Son hans, major Hartvig Carl Philip Segelcke, bygde den noverande hovudbygningen i 1770, etter ein brann i 1768. No har eigar i 8. generasjon, Lars Johan Ditmarsen og familien hans, restaurert det vakre gamle tunet, og opna det for besøkjande i sommarhalvåret. Tunet ligg skjerma med utsyn over Sævareidfjorden, og gjennom ei vandring rundt i dei 9 bygningane i tunet, kan ein få eit innblikk i tidlegare tiders gardshushald og livet på ein embetsmannsgard. Familien Ditmarsen tek også imot førehandsbestilte grupper for servering og ymse arrangement. Anne og Lars Johan Ditmarsen, 5674 Sævareid, Tel.: 56 58 33 95, fax 56 58 33 95, E-mail: firmapost@engevik-gaard.no, Heimeside: www.engevik-gaard.no/
HOLDHUS KYRKJE, HÅLANDSDALEN
Holdhus kyrkje er vera ei av dei mest interessante etter-reformatoriske kyrkjene på Vestlandet. I tårnet og i somme av stolane finst materialar frå stavkyrkja som har stått på same staden. Stavkyrkja er første gong omtala i ei jordebok frå ca. 1350. Gardbrukaren Hans Holdhus hindra riving av kyrkja ved å kjøpa ho i 1893. I 1900 selde han ho vidare til Fortidsminneforeningen, som framleis eig kyrkja. Den noverande, einskipa kyrkja er reist av lafta tømmer, med tårn over vestgavlen og eit lite våpenhus i stav framføre vestinngangen. Holdhus kyrkje har daglege omvisningar med guide i sommarmånadene.
Holdhus kyrkje er sommaropen 2010 i tida 22. juni - 8. august. Opningstider: tysdag til søndag: kl. 11:00-17:00 Mandag stengt. Telefon i opningstid: 900 97 594 Telefon utanom opningstid: 56 58 11 30

SKULEMUSÈET PÅ HOLDHUS, HÅLANDSDALEN
Den kvitmåla skulestova, som ligg like ved Holdhus kyrkje, vart bygd i 1875. Det vesle skulehuset, med eitt skulerom, lærarkammer, gang og ute-do, vart brukt som skulehus fram til 1956/57, då nye-skulen på Holdhus stod ferdig. Skulemusèet inneheld i dag ei interessant samling av læremidla som fanst i "den gamle skulen", og i gangen står skuleborna sitt vanlegaste fottøy, treskoa, oppstilte på rekkje og rad. Skulemusèet og Holdhus kyrkje har felles guideordning og felles opningstider.
JETTEGRYTENE VED KOLDALSELVA, EIKELANDSOSEN
Langs Koldalselva finst fleire store jettegryter, somme heile og andre halve. Jettegryter vert forma når vass-straumar, gjerne under eller langs ein isbre, kvervlar stein rundt og rundt mot berget, slik at det vert laga holer i berget. På grunn av si særeigne form, og ofte enorme dimensjonar, har det opp gjennom tidene lege eit skjær av mystikk rundt fenomenet jettegryter, og dei har gjeve grobotn for mange segner og forteljingar. Namnet "jettegryter" spelar truleg på førestillingar i norsk folketru om at dette var grytene til "jøtular", nokre kjempemessige eventyrfigurar. Sjå etter skilt langs Rv 48, ved nedkøyringa til Eikelandsosen.
|