Fusa frå fjell til fjord (24.09.2003)
|
Fusa er ein geografisk stor kommune på 378,8 km2. Av dette er 24 km2 vatn og innsjøar. I tillegg kjem store sjøareal mot kommunane Samnanger, Os og Tysnes.
Både vatn og sjøområde er rike på fisk. Spesielt er Sævareidvassdraget med dei tre store vatna Henangervatnet, Skogseidvatnet og Gjønavatnet, svært attraktive fiskevatn.
Fusa har ei lang kystlinje med sine 137 km. Fjordsystemet kring Fusa er delt inn i mange ulike små og store fjordarmar frå Samnangerfjorden og Eikelandsfjorden i nord, Fusafjorden mot vest, Bjørnafjorden og Sævareidfjorden mot sør.
Fusa har også store fjellområde. To toppar er over 1000 meter, Gjønakvitingen (1213 moh) og Tveitakvitingen (1299 moh). Fusa har ei spennande geologisk historie. Du finn eit interessant geologisk kart over Fusa hjå Norges geologiske undersøkingar.
Folketalet i Fusa var på 3751 innbyggjarar 1. januar 2003. |
| |
| |
Utskriftsvennleg versjon:  |