Vassmangel i Eikelandsosen (09.02.2010)
|
Tilsiget til kommunen sine vasskjelder på Helland og Skjelbreid minkar mykje. Ein uvanleg lang periode med lite mildver og regn er årsaka. Dersom det kalde veret held fram, vil det kunna vera fare for at dei abonnentane som bur høgast blir utan vatn deler av døgnet. Abonnentane på Eikelandsosen og Holdhus vassverk blir difor oppmoda om å bruka minst mogeleg vatn. [Les meir] |
| |
| |
Kulturkveld i Fusa kyrkje (29.01.2010)
|
Fredag 5. februar kl 19.00 vert det kulturkveld i Fusa kyrkje. Det vert kåseri og utstilling ved tekstilkunstnaren Astri Ræstad som har stått fonying av lokale kyrkjetekstilar. Det vert også musikalsk innslag ved Ellinor Melnik Larsen. [Les meir] |
| |
| |
Motorsagkurs i Fusa (27.01.2010)
|
| Det vert halde motorsagkurs 12. - 13. februar. Fredag kl 17-20 og laurdag kl 9-15. Stad: Djupvik. Les meir her. |
| |
| |
Nils Georg Brekke på senioruniversitetet (22.01.2010)
|
Det er klart for første foredrag i Fusa seniorunivsersitet i 2010 tysdag 26. januar. Nils Georg Brekke skal snakka om "Hus og landskap - på sporet etter mellomalderens byggjeskikk i fjordlandskapet". Sjå Plakat for fleire detaljar. Du finn informasjon om seinare program i senioruniversitetet i Kulturkalenderen.
|
| |
| |
Høyringsfristar til oppvekst- og velferdsplanar (21.01.2010)
|
| Vi minnar om at høyringsfristen for Oppvekstplan og Velferdsplan går ut onsdag 27. januar. Sjå meir informasjon under Kunngjeringar for Velferdsplan og Oppvekstplan. |
| |
| |
Stadanalyse i Eikelandsosen (21.01.2010)
|

I samband med reguleringsplanarbeidet for Eikelandsosen sentrum vart det sett i gang arbeid med ein ny stadanalyse. Det er konsulentfirmaet Asplan Viak Bergen a.s som har hatt oppdraget. Stadanalysen skal vera med å leggja rammene for dei endringane som skal gjerast med reguleringsplanen. Les meir her. |
| |
| |
Liv Kjersti til OL (18.01.2010)
|
Liv Kjersti Eikeland frå Hålandsdal idrettslag og Eikelandsosen vart i dag måndag 18. januar utteken i Noreg sin tropp til dei olympiske leikar i Vancouver. Fusa kommune gratulerer! [Les meir] |
| |
| |
Klar for UKM 2010 (18.01.2010)
|

Torsdag 28. januar skipar Fusa ungdomsråd til Ungdommens kulturmønstring. I år vert scenearrangementet i Eikelandsfjorden samfunnshus med start kl 18.00, medan utstillinga vert lagt til Kommunetunet. Påmeldingsfrist for deltakarane er torsdag 21. januar kl 23.00. Påmeldinga skal i hovedsak skje på www.ukm.no. Du kan også få hjelp med påmelding gjennom kulturskulen eller kulturkontoret [Les meir] |
| |
| |
Norges Vel til Berit Jorunn Rolfsnes (18.01.2010)
|
Berit Jorunn Rolfsnes er tildelt Norges Vel sin medalje for lang og tru teneste i Fusa kommune. Tildelinga vart markert på juleavslutninga på Holdhus oppvekstsenter 21. desember.
[Les meir] |
| |
| |
Ny runde med vaksinasjon (13.01.2010)
|
Vaksineringa mot influensa A (H1N1) held fram i Fusa. Helsestyresmaktene oppfordrar framleis til vaksinasjon mot svineinfluensa for folk flest eldre enn 6 månader. Personer som ikkje har fått høve til å vaksinera seg, kan no ta kontakt enten ved Helsesenteret i Eikelandsosen på telefon 56 58 02 90 eller ved Fusatun legekontor telefon 56 58 00 10 for å få satt vaksinen etter avtale. Fusatun legekontor held stengt til og med 19. januar [Les meir] |
| |
| |
Kulturprisen gjekk til Ella Marie B. Vangsnes (11.01.2010)
|
Ella Marie Brekke Vangsnes vart tildelt Fusa kommune sin kulturpris 2009 i kommunestyremøtet 16. desember. Driftsutvalet har gjort vedtak etter innstilling frå kulturprisnemnda i Fusa. Utvalsleiar Øyvind Nordbø sa i høve utdelinga at han var imponert over den mangfolde innsatsen innan kulturlivet i Fusa. Ordførar Hans S. Vindenes overrakte prisen; eit bilete måla av Bente Dankertsen. [Les meir] |
| |
| |
Matte med papir og saks (18.12.2009)
|
3. klasse ved Eikelandsosen skule har brukt advent til praktisk mattematikk med papir og saks. Sjå meir under Eikelandsosen skule. |
| |
| |
Tyssetunnel med byggestart i 2013 (22.12.2009)
|
| Hordaland fylkesting har handsama Handlingsprogram for fylkesvegnettet 2010-2013. Eit av prosjekta som har fått grønt lys til oppstart alt i 2012 er tunnelen bak Tysse. I følge ordførar Hans Vindenes er det no god von om at veganlegget kan stå ferdig tidleg i 2015. [Les meir] |
| |
| |
Julehelsing frå Jettegryto (14.12.2009)
|
Jettegryto har har sendt ei lita bilethelsing til heimsida. Sjå fleire blinkskot under Jettegryto barnehage. |
| |
| |
Klart for musikalen 1993 (11.12.2009)
|
| Tysdag 15. desember vert det to framsyningar av musikalen "1993" på Fusa ungdomsskule. Musikalen er skriven av Vidar Dale, tidlegare lærar og elev ved skulen. [Les meir] |
| |
| |
ALLE i Fusa får no tilbod om vaksinasjon (04.12.2009)
|
I veke 50 får Fusa kommune ny vaksineleveranse med 500 doser Pandemrix mot svineinfluensa. ALLE aldersgrupper får no tilbod om vaksinasjon så lenge vaksinasjonslageret rekk på følgjande stader og tidspunkt: Torsdag 10.12.09: Baldersheim helsetun kl 18-20 Måndag 14.12.09: Strandvik oppvekstsenter kl 18-20 Tysdag 15.12.09: Samfunnshuset i Eikelandsosen kl 13-17 Fleire opplysningar finn du under les meir. [Les meir] |
| |
| |
Julebord med tradisjon og stil (08.12.2009)
|
Advent er høgsesong for julebord. Torsdag 3. desember hadde Fritidsklubben og Kløvertun dagsenter sitt årlege julebord i Eikelandsfjorden samfunnshus. Det var full pakke med god julemat, nissebesøk, gang rundt juletre og dans. Serveringa sto formannskapet for med ordførar Hans Vindenes i spissen. [Les meir] |
| |
| |
Førjulsstemning i Strandvik (08.12.2009)
|
Denne veka vart det store juletreet tend i Strandvik sentrum. Borna på Strandvik oppvekstsenter fekk besøk av ein sprek nisse, som lokka dei med på nissemarsj. Sjå Strandvik oppvekstsenter si side. |
| |
| |
Juletrehenting og adventssamling i Hålandsdalen. (03.12.2009)
|
| Måndag 30. november var det adventssamling for skule og barnehage på Holdhus oppvekssenter. Det var offisiell tenning av sjøvhenta juletre! Foto frå juletrehentinga og advendtsamlinga finn finn de her på heimesida til oppvekstsenteret. |
| |
| |
Snart får alle tilbod om vaksine (03.12.2009)
|
Det er 100 doser Pandemrix vaksine mot svineinfluensa i rest etter massevaksineringa av personar under 39 år i forrige veke. Dei 100 dosene vert no tilbydd til Fusa kommune sine innbyggjarar, uavhengig av alder tysdag 01.12.09 ved Fusa helsestasjon kl 1530- 1830 (eller til vi går tom for vaksiner [Les meir] |
| |
| |
Budsjett 2010. Økonomiplan 2010-2013 (01.12.2009)
|
I Fusa står handsaming av budsjett 2010 m/avgiftsbudsjett og investeringsbudsjett samt økonomiplan for 4-års perioden 2010 - 2013 på agendaen. Kommunestyret fekk i veke 46 utdelt budsjettnotatet frå rådmannen. Kommunen sin økonomiske situasjon er alvorleg. Etter at drifta er framskriven frå 2009 til 2010, har vi ein underdekning på 4,1 mill. for 2010. 26.11.09 vart saka handsama i formannskapet. Under les meir finn tilrådinga frå formannskapet, budsjettdokumenta og meir informasjon om budsjettprosessen. [Les meir] |
| |
| |
Massevaksinasjon fredag 27.11.09 (20.11.2009)
|
Vi har pr 16.11.09 vaksinert omlag 1100 menneske i Fusa kommune. Fusa kommune får i veke 48 500 nye dosar med vaksine. Det vert massevaksinasjon fredag 27.11.09 kl 10.00 - 16.00 på Eikelandsfjorden Samfunshus. Vaksinasjonstilbudet vert utvida til å omfatta personar tom 39 år (Fødselsår 1970). Skuleelever og studentar som oppheld seg i Fusa kommune får også tilbod om vaksinasjon. I tillegg vil resten av kommunen sitt helsepersonell få tilbod om vaksinasjon. Meir informasjon om massevaksinasjonen 27.11.09 finn du her ei eigen artikkel frå kommuneoverlegen. Vi vil også forsøkja å få annonsert i Os og Fusaposten, men heimesida til kommunen vil altså verta raskest oppdatert. Status etter massevaksineringa 13.11.09 finn du her i eigen artikkel. Meir informasjon om vaksinasjonsopplegget finn du på beredskapssida vår.
< DIV> |
| |
| |
Jula er på veg (27.11.2009)
|
| Denne helga byrjar julehandelen for alvor i Fusa. I dag fredag 27. november gjenopnar Fusa Mat etter ombygging og det er julemesse i Fusatun. Laurdag 28. november er det opning av julegate i Fjord'n senter kl 11.00. Fjord'n barnekor skal synga ved opninga, det vert tenning av julegran og kanskje kjem nissen? Neste helg er det tid for lokale julekonsertar. Sjå Kulturkalender for fleire detaljar. |
| |
| |
Mange ville høyra Frank Aarebrot (27.11.2009)
|
Ikkje uventa kom over 80 personar til Eikelandsosen bedehus for å høyre kva Frank Aarebrot hadde å seia om emnet "Medias makt og moral". Dei frammøtte vart presentert for vide vyar, både tilbake i tid, og i geografisk forstand. Dette var det tredje foredraget til Fusa senioruniversitet som har vist seg å vera eit svært populært nytt tilbod denne hausten. [Les meir] |
| |
| |
Ny grue i sansehagen (20.11.2009)
|
Det skjer stadig spennade ting i arbeidet med byggja opp ein sansehage ved Fusa bu- og behandlingssenter. Denne veka tok dei i bruk ein flott utgrill eller grue i Dale-stein. Les meir på sida til FBBS. |
| |
| |
Massevaksinasjon i veke 46 (10.11.2009)
|
Fusa har no vaksinert risikogrupper og deler av helsepersonellet. Det vert massevaksinasjon 13.11.09 på Eikelandsfjorden Samfunnshus. Kommunen tilbyr då vaksine til barn frå 6 mnd opp til fødselsår 1994 (10 klasse). I tillegg vil familiar rundt spedbarn under 6 månader og gravide i første trimester samt personar, som har tett kontakt med svinebesetningar, få tilbod om vaksinasjon. Meir om massevaksineringa 13.11.09 finn du her i eigen artikkel. Meir informasjon om vaksinasjonsopplegget finn du på beredskapssida vår. |
| |
| |
Lansering av diktsamling (03.11.2009)
|
Poesidebutanten Sverre Georg Sæther lanserer diktsamlinga si, "Naken på tunet", på Fusa folkebibliotek, laurdag 7. november klokka 13. Det er laurdagsope bibliotek frå kl 10-14 og Fusa husflidslag har open dag for alle interesserte i biblioteket i sama tidsrommet. Det er på biblioteket det skjer! [Les meir] |
| |
| |
Tankevekkjande forelesing om Egypt (02.11.2009)
|
| Fusa Senioruniversitet inviterte til forelesing tysdag den 27. oktober. Det var fyrste gongen Linda Kjosaas ausa av sin store kunnskap og formidlar kulturmøte på på heimebane, i Eikelandsosen. [Les meir] |
| |
| |
Små barn i risikogruppene og vaksine (27.10.2009)
|
|
| |
| |
Viktig melding til gravide og risikogrupper (26.10.2009)
|
| [Les meir] |
| |
| |
Vaksinasjon mot svineinfluensa (26.10.2009)
|
|
| |
| |
Møte om slektsgransking (23.10.2009)
|
|
| |
| |
Linda Kjosaas på senioruniversitet (23.10.2009)
|
| [Les meir] |
| |
| |
TV aksjonen 2009 - Vel blåst! (22.10.2009)
|
| [Les meir] |
| |
| |
Løyving til ungdomstiltak (19.10.2009)
|
| [Les meir] |
| |
| |
Klar for TV-aksjon (19.10.2009)
|
|
| |
| |
Vil du bli støttekontakt? (16.10.2009)
|
|
| |
| |
Politiske møte (09.10.2009)
|
|
| |
| |
Verdsdagen for psykisk helse (30.09.2009)
|
| [Les meir] |
| |
| |
Fusa i vinden på Facebook (30.09.2009)
|
|
| |
| |
Den kulturelle spaserstokken (30.09.2009)
|
| [Les meir] |
| |
| |
Treff for slektsgransking (28.09.2009)
|
| [Les meir] |
| |
| |
Utlysing av kulturpris (28.09.2009)
|
|
| |
| |
Seniorsurf torsdag 24. september (25.09.2009)
|
|
| |
| |
Val til ungdomsrådet (17.09.2009)
|
| [Les meir] |
| |
| |
God oppslutning om kyrkjevalet i Fusa (17.09.2009)
|
| [Les meir] |
| |
| |
Stortings- og sametingsval 2009 (21.09.2009)
|
|
| |
| |
Status for svineinfluensa (14.09.2009)
|
| [Les meir] |
| |
| |
Kulturniste på Eidegrend (11.09.2009)
|
|
| |
| |
Når skal ein kontakta lege ved svineinfluensa? (14.09.2009)
|
| [Les meir] |
| |
| |
| Eldre artiklar |
Utskriftsvennleg versjon:  |