Kommunestyra kan etter gjeldande kommunelov vera på minimum 11 representantar. Fusa kommunestyre vedtok i 19. juni 2007 ny politisk organisering:
Politisk organisering i perioden 2007- 2011 er i grove trekk fylgjande:
Kommunestyret - 25 medlemer
Det er oppretta to utval med kvar sine spesifikke ansvars- og arbeidsområde. Dette er Planutvalet og Driftsutvalet. Kvart av utvala har 11 representantar · Planutvalet og formannskapet er personidentiske. Møta i formannskapet og planutvalet bør vera på kvar sine dagar. · Ordførar er leiar av formannskapet. · Varaordførar er leiar av planutvalet. · Resterande 3 medlemer kan vera medlemer av kontrollutvalet. Ordførar, varaordførar og leiar av driftsutvalet vert arbeidsutval som skal fordela saker til utvala og klargjera prosessar knytt til større prinsipielle saker.
Formanskapet - 11 medlemer Planutvalet -11 medlemer Utvalet skal vera fast utval for plansaker
Driftutvalet - 11 medlemer
Administrasjonsutvalet - 7 medlemer. 5 av desse skal veljast blant kommunestyrerepresentantane. Dei tilsette skal peika ut 2 medlemer.
Kontrollutvalet - 5 medlemer. 3 av medlemene skal vera frå kommunestyret.
Ordningar for møta i kommunestyret og utvala Etter kommunelova skal som hovudregel møta i alle folkevalde organ haldast for opne dørar. Saker som er underlagde lovbestemt teieplikt og personalsaker, skal likevel handsamast for lukka dører. Organet sjølv kan vedta at visse sakstypar skal gå for lukka dører. Dette kan mellom anna vera aktuelt der omsynet til personvernet eller andre tungtvegande private eller offentlege interesser tilseier det.
Kommunelova fastset at møta som skal haldast for opne dører, skal gjerast kjende på ein "hensiktsmessig" måte. Vidare skal saklistene til slike møte og andre dokument som ikkje er unnatekne frå offentlighet, vera tilgjengelege for publikum.
Sakslistene til dei ulike møta ligg til ettersyn i Kommunetunet 5 dagar før møtedato, og møta vert i dei fleste høve haldne i Kommunetunet.
[Les meir] |