Fusa folkebibliotek (09.09.2011)
|
Opningstid :
Tysdag 10.00-15.30 Onsdag 10.00-15.30 Torsdag 10.00-17.00 Laurdag 10.00-14.00 (første laurdagen i månaden)
Fusa folkebibliotek har no fått katalogen sin på Internett. Det vil seie at du kan sitja heime og bruka nokre av biblioteket sine tenester.
 Vil du vite meir om desse tenestene?
Sjå denne presentasjonen [Les meir] |
| |
| |
Stor interesse for slektsgransking (09.10.2009)
|
Det var mange frammøtte på slektgranskingskvelden i biblioteket torsdag 1. oktober. Hans Ordin Østerbø frå organisasjonen DIS-Norge (Databehandling i slektsforsking) gav nyttige råd til alle slektsgranskingsentuasiaster. Dette var eit tema som fenga. Mange ønskjer å gå vidare og det blir eit nytt slektsgranskingstreff i biblioteket torsdag 29. oktober kl 18.00.

|
| |
| |
Vellukka Seniorsurf (09.10.2009)
|
Det var god respons på Seniorsurfdagane ved biblioteket. Eldste deltakar var 83 år Det vert no etablert nettverksgruppe for Seniornett der nye nettbrukarar kan hjelpa kvarandre vidare i surfinga på verdsveven. Første møte i Seniornett-gruppa vert med Fusa frivilligsentral som koordinator.
|
| |
| |
SeniorSurf på biblioteket (09.10.2009)
|
SeniorSurf-dagen vert arrangert i Fusa folkebibliotek (Kommunetunet) torsdag 24. september kl 1800–2100 og laurdag 03.10. kl 10.00-14.00. Påmelding telefon 56 58 01 00 (Kommunetunet) eller telefon 56 58 01 14 (Fusa frivilligsentral).
Aktuelle tema for dagen: Ny på PC - Korleis finna fram på Internett - E-post og vedlegg – Netthandel – Facebook – Blogging – Slektsgransking – Nettbank - Anna ?
|
| |
| |
Trådlaust nettverk i biblioteket (17.09.2009)
|
Fusa folkebibliotek har trådlaust nettverk. Ein kan ta med seg sin eigen berbare PC og nytta Internett i biblioteket. Tilgang til nettet får ein ved å kontakta bibliotekpersonalet for passord. Tilbodet er gratis. Om du ikkje har eigen PC, har Fusa folkebiblioteket ein til utlån i biblioteket.
|
| |
| |
Laurdagsope bibliotek 3. oktober (17.09.2009)
|
| Det er laurdagsope bibliotek i Kommunetunet laurdag 3. oktober kl 10-14. |
| |
| |
På tur til Cholpon-Ata (30.12.2008)
|
Invar Nistad tok publikum med på ei eksotisk og poetisk reise til Cholpon-Ata i Kirgisistan på bokkaféen i biblioteket i helga. Film og foto var overflødig. Sterke og fargerike poetiske historier mana fram bilder frå fjerne himmelstrøk dei færraste har vitja. Siste diktsamlinga til Nistad "Dagane i Cholpon-Ata", krinsar om små og store hendingar, samtalar og stemningar i denne gamle badebyen i det tidlegare Sovjet. Du får møta Pjotr og Ainura, firfisledreparen, fuglefangaren og den galante fiskehandlaren som kunne vore balletdansar. Underfundige små historier som lager eit særeige poetisk univers.
Ingvar Nistad er dessutan flink til å framføra eigne tekstar. Han les stødig og poengtert. Skaper luft og rom kring orda. Turtipset: Reis til Cholpon-Ata med Ingvar Nistad, enten i bokform eller med diktaren som reiseleiar med eigne ord. Det gav meirsmak.

|
| |
| |
Eksotisk filmkveld i biblioteket (08.12.2008)
|
| Det vert filmkveld i Fusa folkebibiliotek sine lokale i Kommunetunet i Eikelandsosen onsdag 19. november kl 18.30. På programmet står ein film om uighurfolket i Xinjiang-provinsen i Kina og "Kviterussisk vals" ein film om tilhøva i "Europas siste diktatur" Kviterussland. Filman vert synt i samarbeid med Rafto-stiftelsen i Bergen. Lokale arrangørar er Fusa amnesty og Fusa folkebibliotek. [Les meir] |
| |
| |
Treff i slektsgransking (07.11.2008)
|
Det er slektsgranskingsstreff i biblioteket torsdag 13. 11. fra kl. 1830. Det er ope for alle interesserte, dei som har halde på ei stund, og for nybyrjarar. Vi er samla for å inspirera kvarandre, og for å hjelpa nye i gang
Ta med egne pcer om de har, ellers bruker vi datarommet. Er det noko du lurer på er det berre å ta kontakt med biblioteket.
Arr: Fusa folkebibliotek |
| |
| |
Sommarope bibliotek (02.07.2008)
|
Fusa folkebibliotek har ope gjennom sommaren. Bibliotekar Margrethe Øhlander Ask melder omgod respons og mykje folk i starten av feriemånaden juli.
Opningstida i perioden 20. juni til 20. august er kl 10-15 tysdag, onsdag, torsdag. Velkomen til eit sommarbesøk i biblioteket! [Les meir] |
| |
| |
Utskriftsvennleg versjon:  |