Kreative eldre (02.07.2010)
|
Joy Kvamme har hatt kurs i forming i leire med eldre fusingar på dagsentra i Eikelandsosen og på Baldersheim denne våren. Torsdag 24. juni var det tid til å visa andre kva dei har laga. Før sjølve opninga av utstillinga var det eit kulturprogram i stova på Fusa bu- og behandlingssenter. Her spelte FBBS sin eigen trubaur Nils Inge Øvreås og 11 år gamle Idun Øvredal frå kulturskulen spelte saksofon.
I utstillingslokalet vart det bydd på kanapear og sprudlevatn slik det høver på opninga av ei utstilling. Mange var spende på å sjå att tinga sine etter at dei var ferdig behandla med glasur og brenning. Fleire vart positivt overraska. Tenk at eg har laga noko så fint! "Da såg ikkje så bra ut når eg arbeidde med da", var det ein som sa. Joy Kvamme hadde verkleg forløyst skaparevner og kreativitet. Ho kvitterte også med å seia at det hadde vore ei ny erfaring og lærerikt også for henne.
Det var mange små kunstverk. Artige små pingvin-figurar. Fargerike skilpadder, eller var det sjøstjerner? Det var dørskilt og små skåler. Alt forma og laga i keramikk med fin glasur og flotte fargar.
Utstillinga og kurset var organisert i eit samarbeid mellom aktivitørane på dagsentrene for eldre og kulturkontoret. Eit tilskot frå den statlege potten til Den kulturelle spaserstokken ordna det meste av økonomien.
Det er meininga at utstillinga kjem til Glasgato i Kommunetunet etter sommaren. Er det du rask kan du få med deg utstillinga medan ho står på Fusa bu- og behandlingssenter.
|
| |
| |
Utskriftsvennleg versjon:  |