Oppvekstsenter skal evaluerast (08.04.2010)
|
I kommunen si vurdering av sammenslåing av einingar i Eikelandsosen til eitt oppvekstsenter, har rådmannen sett i gong ein gjennomgang/ evaluering av dagens organisering av barnehagar og skular i Fusa. Arbeidet skal gjerast i perioden 25. mars til 28. april 2010. Det er Agenda Utreding og Utvikling AS som er engasjert til å gjera dette arbeidet. Resultatet fra undersøkinga skal leggjast fram for kommunestyret i juni d.å.
Arbeidet vil innehalda: · Gjennomgong av eksisterande dokumentasjon og data · Spørjeskjemaundersøking blant foreldre og tilsette · Intervju med leiing og tilsette på einingane, samt PPT og leiinga i kommunen
Straks etter påske vil alle foreldre og tilsette få tilsendt ein e-post med en link til eit nettbasert spørjeskjema der de blir bedt om å setja av tid til å svara på dette. Det skal vera mogeleg å svara på spørsmåla i skjemaet på 10-15 minutter. Undersøkinga vil vera anonym, og det vil ikkje vera mogeleg å identifisera enkeltindivid i framstillinga av resultat fra undersøkinga, jfr. Lov om personvern.
Det er avgjerande for deltaking i undersøkinga at vi har ei e-postadresse der du kan nåast. Dersom du er usikker på om din skule/barnehage har oppdatert e-postadresse der du kan nåast, ber vi om at du sender e-postadressa di til oyvind.haga@fusa.kommune.no innan 30. mars 2010
|
| |
| |
Utskriftsvennleg versjon:  |