Dansefeber i Fusa (12.03.2010)
|
No vert det dansefeber i Fusa. Fram til påske skal Bergen dansesenter innom alle skulane i Fusa med intensive dansekurs i jazz, break og hip-hop.
Dei starter opp på Fusa ungdomsskule tysdag 9. mars. Då skal 10. klassane ha workshop i jazzdans og hip-hop med Anton Shestakov og Stephanie Mowinckel som instruktørar.
Når skuleklokka ringer ut på ungdomsskulen tysdag vert det eit minikurs i leikane hip-hop for lærarar og assistentar retta mot 1.-4. klasse. Dei skal få tips og idear som dei kan ta tilbake til gymtimane på skulen.
Det blir ein travel dag for instruktørane . Same ettermiddag kl 16.00 skal dei ha workshop i hip-hop på "open skule" ved Fusa vidaregåande skule. Dette tilbodet er ope for alle interesserte frå ungdomskulealder og oppover.
Etter denne hektiske danse-tysdagen skal Bergen dansesenter ut på turné til barneskulane i Fusa tre onsdagar fram til påske. Då går tilbodet til 5.-7. klasse som får kurs i hip-hop. Danseinteressa og dansefeberen bør nå nye høgder etter denne runden med store doser av jazz, break og hip-hop.
|
| |
| |
Utskriftsvennleg versjon:  |